I starten av mai reiste OKOS ned med to BUA-lærlingar, som skulle gjennomføre ein del av læretida si i ei barnehage i Tallinn. Opphaldet har gitt dei ein unik moglegheit til å oppleve kvardagen i ein barnehage i eit anna land, og ikkje minst bli kjende med både språk og kultur som skil seg frå det dei er vande med i Noreg. Dei fekk delta aktivt i aktivitetar med barna, samstundes som dei måtte tilpasse seg eit nytt språk og nye kommunikasjonsmåtar.
Utplassering i utlandet gir både fagleg og personleg utvikling, og bidreg til å gjere lærlingane våre betre rusta for framtida.
