Vedtekter for Opplæringskontoret for offentleg sektor i Sogn og Fjordane

Fastsett av fylkestinget i sak 6/98 og revidert av fylkestinget i sak 22/05.

§ 1 – Formål

Opplæringskontoret for offentleg sektor – OKOS – skal i samarbeid med medlemsbedriftene, skuleverket og Fagopplæringsnemnda gjennomføre opplæring av lærlingar/lærekandidatar i samsvar med krava i Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) og læreplanane i dei aktuelle fag.

I tillegg til opplæringslova gjeld forskrift til opplæringslova av 28.6.1999 kap 11.

Kontoret kan og administrere anna relevant opplæring og praksistrening.

§ 2 – Medlemsbedriftene

Bedrifter i offentleg sektor som er godkjende lærebedrifter kan bli medlemer av opplæringskontoret dersom dei samla kan gje opplæring innan opplæringskontoret sitt verkeområde og fastsette læreplanar, jfr forskrift til opplæringslova § 11-1 og § 11-2.

Oppseing av medlemskapen skal skje skriftleg med tre månaders varsel. Gjeldande lærekontraktar skal då overførast til den einskilde lærebedrifta.

Opplæringskontoret teiknar lærekontrakt med lærlingen og kan instruere medlemsbedrifter til å gje lærlingen arbeidsoppgåver som sikrar opplæring i samsvar med læreplanen i det aktuelle fag. Lærlingar vert tilsett i den einskilde medlemsbedrift. Medlemsbedrifta har arbeidsgjevaransvar for lærlingane som for andre tilsette så lenge lærlingen er tilsett i institusjonen/avdelinga.

Medlemsbedrifter kan ikkje tilsette lærlingar utan at dette er godkjent av opplæringskontoret.
Dato for tiltredinga, og tidsramma for læreforholdet, framgår av lærekontrakten. Det skal utformast skriftleg samarbeidsavtale mellom opplæringskontoret og medlemsverksemdene som fastlegg ansvarsfordeling mellom dei to partane.

Opplæringskontoret kan omplassere lærlingar til andre medlemsbedrifter dersom medlemsbedriftene, som i utgangspunktet har tilsett lærlingen, ikkje kan gje den opplæring som læreplanen krev, eller andre forhold tilseier overflytting av lærlingen.

§ 3 – Lærefag

Opplæringskontoret er fleirfagleg og skal kunne teikne lærekontraktar i alle dei fag kontoret er godkjend for av Fagopplæringsnemnda.

§ 4 – Opplæringskontoret sine oppgåver

Opplæringskontoret si oppgåve er å vere eit serviceorgan for medlemsbedriftene. Desse omfattar mellom anna:

• Sørgje for at det vert oppretta lærekontrakt/opplæringskontrakt med lærlingane/lærekandidatane.
• Sørgje for at lærlingane får opplæring i samsvar med den aktuelle læreplan.
• Sørgje for at lærlingen framstiller seg til fag/svenneprøven.
• Sørgje for at det er faglege leiarar innan alle dei fag opplæringskontoret er godkjent i.
• Ha kontakt med ansvarleg leiar, fagleg leiar, tilsynsrepresentant og lærling i medlemsbedriftene.
• Gje råd og bidra til å løyse konfliktar som måtte oppstå under læreforholdet.
• Arbeide for å auka rekruttering av lærlingar i medlemsbedriftene i samvar med overordna mål i den enkelte bedrift.
• Halde medlemsbedriftene informert om nye lærefag.
• Samarbeide med lærebedrifter og opplæringskontor utanom opplæringskontoret for fylkeskommunale og andre lærlingar om gjennomføring av læreforhold.

§ 5 – Økonomi

Opplæringskontoret si drift skal finansierast med offentlege tilskot som blir stilt til rådvelde for kontoret, som igjen fordeler desse til deltakande bedrifter/institusjonar.

Storleiken på beløpet som skal fordelast til bedriftene er avhengig av den administrasjonsavgifta som styret fastset.

Medlemskontingenten vert innkravd årleg.

§ 6 – Organisering

Opplæringskontoret er ein del av den fylkeskommunale verksemda, jfr komml. § 11.

Kontoret skal ha ein dagleg leiar. Fylkesrådmannen har personalansvaret for leiaren.
Leiaren rapporterer til styret i faglege spørsmål.

§ 7 – Styret – samansetnad og val

Opplæringskontoret skal leiast av eit styre på fem medlemer med personlege varamedlemer som vert valde av fylkesutvalet slik:

– 2 medlemer etter forslag frå KS Sogn og Fjordane
– 1 medlem etter forslag frå den arbeidstakarorganisasjonen som har flest medlemer i medlemsbedriftene
– 1 politisk medlem frå fylkeskommunen
– 1 medlem frå administrasjonen i fylkeskommunen

Fylkesutvalet vel leiar og nestleiar.

Styret si funksjonstid følgjer den fylkeskommunale valperioden.

§ 8 – Styret sine oppgåver og mynde

Styret har driftsansvaret for opplæringskontoret og skal m.a.

– Ha det overordna opplæringsfaglege ansvaret
– Vedta målsetjingar og handlingsplanar for kontoret
– Fastsetje årleg medlemskontingent
– Fastsetje administrasjonsavgifta pr lærling
– Fastsetje retningsliner for fordeling av tilskot
– Fastsetje godtgjersle m.v. til instruktørane i bedriftene
– Utarbeide årsmelding for kontoret
– Utarbeide budsjettforslag for kontoret

§ 9 – Møterett, sekretariat m.v

Fylkesrådmannen har møte- og talerett i styret, jfr komml. § 23, nr 3. Retten kan utøvast av han personleg eller av den han gir fullmakt.

Sekretariatet for Fagopplæringsnemnda har møte- og talerett i styret og skal innkallast til styremøta.

Fylkesrådmannen har ansvaret for at sekretariatsfunksjonen vert utøvd på ein tilfredsstillande måte.

For styremøta gjeld elles Reglement for sakshandsaming i politiske utval.

§10 – Nedlegging

Ved nedlegging av opplæringskontoret skal gjenverande verdiar fordelast til medlemane i høve deira tal lærekontraktar. Verdiar knytt til lærlingetilskot skal førast attende til fylkeskommunen.

Ved nedlegging av opplæringskontoret skal lærekontraktar overførast til den einskilde medlemsbedrifta.