Min logg

FØRSTEHJELPSKURS

15. mars 2026

24 av våre lærlingar i helsefag har denne veka deltatt på eit svært nyttig og lærerikt førstehjelpskurs.

I ein variert kvardag kan man møte på mange forskjellige situasjonar der det er behov for hjelp, og då er det viktig å vite kva man skal gjere.

Tusen takk til Helene Vedvik og Siv Inderøy frå Helse Først. Det har vore 2 engasjerande dagar på kurs med god balanse mellom teori og praksis.

Tidlig innsats kan redde liv ❤️