Min logg

Fagopplæring i fokus på Høyanger- og Dale vidaregåande skule

20. november 2026

Dei siste vekene har vi vore på besøk ved Høyanger Vidaregåande Skule og Dale vidaregåande skule for å møte VG1- og VG2-elevar og informere om moglegheitene innan fagopplæring og vegen vidare mot læreplass.

Saman med lærlingar har vi delt informasjon om yrkesfaglege utdanningsløp, søkeprosessen til læreplass, kva som ventar i læretida og dei spennande karrieremoglegheitene som finst etter fullført fagbrev.

✨ Ein stor takk til lærlingen vår i barne- og ungdomsarbeidarfaget Dmytro Panchenko, og lærlingen vår i helsearbeidarfaget, Asbjørn Fureli (Menn i helse Vestland)for delte erfaringar, refleksjonar og gode råd til elevane.

Vi ønskjer VG1 og VG2 elevane lukke til med vala dei skal ta vidare i utdanninga og arbeidslivet! 💙