Min logg

Helsearbeidarfaget

– eit varmt, viktig og praktisk yrke

Helsearbeidarfaget passar for deg som vil jobbe tett på menneske og bidra til ein trygg og verdig kvardag for andre. Som helsefagarbeidar får du ein variert arbeidsdag der du bruker både fagkunnskap og omsorg.

I jobben møter du menneske som treng støtte i ulike situasjonar, og du kan få oppgåver som å:

  • hjelpe til med personleg stell og hygiene
  • gi medisinar og observere helsetilstand
  • støtte brukarar i daglege aktivitetar som måltid, trening og sosial deltaking
  • samarbeide med pårørande og andre fagpersonar
  • bidra til at brukarar kan leve mest mogleg sjølvstendige liv
  • jobbe etter gjeldane regelverk

Helsearbeidarfaget gir mange moglegheiter. Du kan blant anna jobbe i heimetensta, sjukeheim, i bufelleskap, rus og psykisk helse, på sjukehus. Når du har fått eit fagbrev kan du bygge vidare med vidareutdanning eller påbygg.

Helsearbeidarfaget gir ei trygg framtid i eit yrke der du verkeleg gjer ein forskjell – kvar dag.

Yrkestittelen Helsefagarbeidar er ein beskytta tittel og du må ha autorisasjon frå helsedirektoratet.

Les meir om læreplanen her