Min logg

Barne- og ungdomsarbeidarfaget

Barne- og ungdomsarbeidarfaget passar for deg som likar å vere med barn og unge, og som vil bidra til at dei får ein trygg, aktiv og utviklande kvardag. Som barne- og ungdomsarbeidar bruker du både kreativitet, omsorg og fagkunnskap for å skape gode miljø – uansett om du jobbar i barnehage, SFO eller med ungdom i skule og fritidsarenaer.

Arbeidsdagane er varierte, og du kan få oppgåver som:

  • Leie leik og aktivitetar – både inne og ute
  • Støtte barn i læring, til dømes språk, lekser eller sosial trening
  • Gi omsorg og tryggleik i kvardagen
  • Skape gode relasjonar og fremje til trivsel og fellesskap
  • Hjelpe til i rutinar som måltid, garderobe og frileik
  • Samarbeide med pedagogar for å lage gode og inkluderande miljø
  • Motivere og støtte ungdom på fritidsarenaer og i skulekvardagen

Dette er eit fag for deg som vil bruke både kreativitet og fagkunnskap – og som likar å jobbe med folk. Du får ein praksisnær utdanning, som ein kan bygge vidare på med t.d vidareutdanning innan pedagogikk, helse leiing eller spesialistretningar.

Det er eit fag fullt av moglegheitar som gi deg mange jobb­moglegheiter etterpå.

Les meir om læreplanen her