Min logg

Reinhaldsoperatørfaget

– for deg som vil jobbe smart, sjølvstendig og viktig

Å velje reinhaldsoperatørfaget betyr å velje eit yrke der du bidrar til å halde hjula i gang – i skule og barnehage, sjukehus, kontor og industribygg. Du sikrar hygiene, trivsel og tryggleik kvar einaste dag, og arbeidet ditt har stor betydning for helse, miljø og kvalitet der folk lever og jobbar

Arbeidet er variert, og du får bruke både fagkunnskap, moderne utstyr og effektive metodar.

Som reinhaldsoperatør kan du få oppgåver som å:

  • Utføre dagleg og periodisk reinhald, som golvvask, støvtørking og desinfeksjon
  • Bruke maskiner og teknisk utstyr, til dømes golvvaskemaskin, tørrmoppesystem og mikrofiberutstyr
  • Planleggje og gjennomføre reinhaldsoppgåver ut frå romtype og behov
  • Jobbe etter hygiene- og smittevernrutinar – spesielt viktig i skular, barnehagar og helseinstitusjonar
  • Kontrollere kvalitet og sikre at lokala oppfyller krav til reinhald
  • Vurdere risiko, HMS og ergonomi i kvardagen
  • Dokumentere arbeidet rapportere avvik slik at tenestene blir betre
  • Bidra til eit trygt og triveleg miljø for dei som brukar bygga

Reinhaldsoperatørfaget gir deg ei praktisk, framtidsretta utdanning og mange jobb­moglegheiter. Du lærer effektivt arbeid, ansvar og moderne metodar – og du blir ein nøkkelperson for at kvardagen skal fungere.

Les meir om læreplanen her