Min logg

Personvernerklæring

Personvern og informasjonskapslar (cookies)

Dette er personvernerklæringa for OKOS. Ho forklarer korleis vi handterer data når du besøkjer nettsida vår.

1. Personvern

Personvernet til dei som brukar nettsida vår er viktig for oss. Difor sporar vi ingen enkeltpersonar. Som besøkande på nettsida blir:

  • inga personleg informasjon samla inn
  • ingen informasjon, som til dømes informasjonskapslar (cookies), lagra i nettlesaren
  • ingen informasjon delt med, sendt til eller seld til tredjepartar
  • ingen informasjon delt med annonseføretak
  • ingen informasjon utvinna eller hausta for personlege trendar eller åtferdsmønster
  • ingen informasjon kommersialisert

Vi brukar verktøyet Plausible Analytics for å samle inn anonyme brukardata til statistiske føremål. Målet er å følgje med på generelle trendar i trafikken på nettsida vår, ikkje å spore enkeltbesøkande.

2. Informasjonskapslar (cookies)

Ein «cookie» er ei lita tekstfil som blir lagra i nettlesaren din når du besøkjer ei nettside. For nettsida til OKOS gjeld følgjande:

  • Nødvendige kapslar: Webredaktørar brukar tekniske informasjonskapslar frå WordPress. Desse er naudsynte for at designet skal visast korrekt og for at nettsida skal fungere teknisk.
  • Ingen marknadsføringskapslar: Vi brukar ingen informasjonskapslar for reklame, profilering eller statistikk.

3. Drift og tryggleik

Nettsida blir drifta av Metalab med hosting hos Hetzner.

For at nettsida skal vere trygg og stabil, blir teknisk informasjon (som IP-adressa di og kva nettlesar du brukar) logga på serveren i ein kort periode. Dette er for å kunne stoppe dataangrep og uønska trafikk. Loggane blir sletta automatisk og blir ikkje brukte til å identifisere deg som person.

4. Dine rettar

Etter personopplysingslova har du rett til innsyn i egne opplysningar. Sidan OKOS ikkje lagrar personopplysningar om deg på denne nettsida, har vi ingen data å gje innsyn i eller slette.

5. Kontakt

Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med oss:

Hege Hov
Dagleg leiar
Telefon: 91 15 35 41.
E-post: hege.hov@okosweb.no