Opplæringskontoret for offentleg sektor i Sogn og Fjordane SA (OKOS) er eit tverrfagleg opplæringskontor med medlemmar innan offentleg sektor.
Omlag 90 lærlingar og 9 godkjente lærebedrifter er tilknytt opplæringskontoret gjennom sitt medlemskap.
Dei vanlegaste faga det blir teikna lærekontrakt for er:
- Helsearbeidarfaget
- Reinhaldsoperatørfaget
- IT-driftsfaget
- Barne- og ungdomsarbeidarfaget
- Service- og administrasjonsfaget
KVA GJER VI:
Vi ønskjer at offentleg sektor skal vere ein attraktiv arbeidsplass, både no og i framtida. Vi støtter bedriftene i læringsarbeidet, og lærlingane i utviklinga fram mot eit fagbrev. Vi har det juridiske ansvaret for at opplæringa skjer i samsvar med opplæringslova.
For lærlingen:
- Teiknar lærekontrakt
- Ser til at opplæringa held fagleg god kvalitet og skjer i samsvar med gjeldande regelverk
- Arrangerer kurs og samlingar
- Besøker læreplassen og har samtale
- Bistår lærlingen ved behov for ekstra oppfølging (t.d. PPT)
- Tilbyr nokon å rådføre seg med i små og store saker
- Utplassering i utlandet (enkelte fag)
- Sikrer at vurderingssamtalar vert gjennomført
For bedriftene:
- Rådgjeving før teikning av kontrakt, og fortløpande i læretida.
- Bistår i rekrutteringsarbeidet
- Formidling av aktuelle lærlingar og lærekandidatar.
- Arrangerer kurs og samlingar
- Sørgjer for motiverte faglege leiarar.
- Gjennomfører besøk i bedriftene.
- Bidrar med råd og forslag til konfliktløysing ved behov
- Samarbeid med PPT og NAV
- Utarbeider og distribuerer informasjonsmateriell
- Hjelp til utarbeiding av intern opplæringsplan
- Sikrer at obligatoriske vurderingssamtalar vert gjennomført
- Utbetaler tilskot til lærebedriftene
- Rapportere til Vestland fylkeskommune
- Orienterer om endringar i regelverk, læreplanar og fag.
- Deltar i nasjonale nettverk for å vere eit bindeledd mellom lærebedrifter og styrande departement, og fremje kvaliteten på opplæring i bedrift generelt.
