Kva gjer vi

Vi ønskjer at offentleg sektor skal vere ein attraktiv arbeidsplass, både no og i framtida. Vi støtter bedriftene i læringsarbeidet, og lærlingane i utviklinga fram mot eit fagbrev. Vi har det juridiske ansvaret for at opplæringa skjer i samsvar med opplæringslova.

For lærlingen:

  • Teiknar lærekontrakt
  • Ser til at opplæringa held fagleg god kvalitet og skjer i samsvar med gjeldande regelverk
  • Arrangerer kurs og samlingar
  • Besøker læreplassen og har samtale
  • Bistår lærlingen ved behov for ekstra oppfølging (t.d. PPT)
  • Tilbyr nokon å rådføre seg med i små og store saker
  • Utplassering i utlandet (enkelte fag)
  • Sikrer at vurderingssamtalar vert gjennomført

For bedriftene:

  • Rådgjeving før teikning av kontrakt, og fortløpande i læretida.
  • Bistår i rekrutteringsarbeidet
  • Formidling av aktuelle lærlingar og lærekandidatar.
  • Arrangerer kurs og samlingar
  • Sørgjer for motiverte faglege leiarar.
  • Gjennomfører besøk i bedriftene.
  • Bidrar med råd og forslag til konfliktløysing ved behov
  • Samarbeid med PPT og NAV
  • Utarbeider og distribuerer informasjonsmateriell
  • Hjelp til utarbeiding av intern opplæringsplan
  • Sikrer at obligatoriske vurderingssamtalar vert gjennomført
  • Utbetaler tilskot til lærebedriftene
  • Rapportere til Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Orienterer om endringar i regelverk, læreplanar og fag.
  • Deltar i nasjonale nettverk for å vere eit bindeledd mellom lærebedrifter og styrande departement, og fremje kvaliteten på opplæring i bedrift generelt.