Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Dette arrangementet er ferdig.

Tankevirus-kurs

9.april kl 18:00 - 16.april kl 20:00

Lær å stoppe negative tankar – heilt gratis

Tankevirus er eit gratis og digitalt meistringskurs retta mot førebygging og meistring av lette til moderate psykiske vanskar. Meld deg på kurs for våren 2026 no.

Kurset omtalar ulike negative tankemønster som tankevirus og lærer deltakarane om psykologiske vitamin som kan hjelpe mot tankevirus. Det gir deg enkle og teknikkar for å avsløre «tankefeil» og tenkje klarare i kvardagen.

Kjenner du deg att i å tenkje for mykje, stresse unødig eller kverne på bekymringar? Då er Tankevirus noko for deg.

Kva får du?

  • Enkle verktøy for å oppdage og handtere negative tankar
  • To digitale samlingar med dyktige instruktørar
  • Psykologsk kunnskap forklart på ein enkel og praktisk måte
  • Refleksjon og verktøy tilpassa di rolle eller kvardag

Praktisk informasjon

Kurset er gratis, digitalt og anonymt. Det består av to digitale samlingar på to timar kvar.

Kursa går over to dagar, og du som melder deg på, må såleis setje av begge datoane.

Kva er Tankevirus?

Tankevirus er eit gratis meistringskurs retta mot førebygging og meistring av lette til moderate psykiske vanskar. Kurset omtalar ulike negative tankemønster som tankevirus og lærer deltakarane om psykiske vitamin som kan hjelpe mot tankevirus.

Akkurat som kroppen kan bli sjuk av virus, kan tankane bli «smitta» av tankefeil – måtar vi tolkar verda på som gjer oss meir stressa og urolege. Kurset hjelper deg med å kjenne att desse tankefeila og gir deg eit mentalt motmiddel.

Tankevirus er også tilgjengeleg som app (gratis). Den er kvalitetssikra og tilrådd av Helsedirektoratet og Helsedepartementet. I 2022 var det 100 000 personar som laste ned appen, og 7 av 10 opplever betring.

 

Meld deg på her

Detaljar

Arrangør

  • Vestland Fylkeskommune