- Dette arrangementet er ferdig.
Fagprøvesamling/temadag i helsearbeidarfaget
Målgruppe:
- Lærlingar og lærekandidatar som i 2025 skal opp til fagprøve i helsearbeidarfaget.
- Faglege leiarar og instruktørar i lærebedriftene som har ansvar for den interne opplæringa i HEA-faget.
Formål:
Gi prøvekandidatane (lærlingar, lærekandidatar, praksiskandidatar) informasjon om ulike sider ved planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av prøva, redusere nervøsitet/stress i sjølve prøvesituasjonen og gje kandidaten eit godt grunnlag for å løyse oppgåva på ein så god måte som mogeleg.
Gi faglege leiarar/instruktørar ei innføring i innhaldet i og vurderinga av prøva i samsvar med læreplanen, slik at ein kan styrke opplæringa den siste delen av læretida.
Stad: Førde Gjestehus og Camping
Tid: Fredag 10. januar kl. 09.00 – 15.30
Program
0900-1130 (1) Ernæring for eldre, korleis identifisere underernæring og kva tiltak kan ein sette inn
(2) Pleie ved livets slutt og etiske utfordringar knytt til dette v/Berit Ullebust, Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester
1130-1215 Lunsj
1215-1530 Fagprøven; informasjon om gjennomføring av fagprøven v/ Tove Øygård Krokene, Prøvenemda i HEA-faget
- prøvenemnda og tilsynspersonen sin oppgåve
- retningslinjene for den praktiske delen av prøva
- kommunikasjon og samarbeid under prøva
- utforming av prøver
- lage skriftlege planer, utarbeiding av arbeidsplan/dokumentasjon
- eigenvurdering og refleksjon, rapportering (dokumentasjonsdelen)
- bruk av hjelpemidlar og støtte, kva er tillat?
- samla vurdering og vurderingskriterier (vurderingsskjema)
- prøvenemnda si avsluttande vurderingssamtale med kandidaten
- oppsummering
Påmeldingsfrist 16. desember!
[av_button label=’Meld deg på her» icon_select=’no» icon=’ue800′ font=’entypo-fontello» link=’manually,https://okosweb.pameldingssystem.no/fagdag-for-laerlingar-i-helsearbeidarfaget-5′ link_target=» size=’large» position=’left» label_display=» title_attr=» color_options=» color=’theme-color» custom_bg=’#444444′ custom_font=’#ffffff» btn_color_bg=’theme-color» btn_custom_bg=’#444444′ btn_color_bg_hover=’theme-color-highlight» btn_custom_bg_hover=’#444444′ btn_color_font=’theme-color» btn_custom_font=’#ffffff» id=» custom_class=» av_uid=» admin_preview_bg=»]
