Om OKOS Sogn og Fjordane

Opplæringskontoret for offentleg sektor i Sogn og Fjordane (OKOS) er eit tverrfagleg opplæringskontor med medlemmar innan offentleg sektor (kommunar, vidaregåande skular, statlege verksemder og andre offentlege organisasjonar).

Omkring 100 lærlingar og 30 medlemsbedrifter er til ei kvar tid tilknytta opplæringskontoret i:

  • Aktivitørfaget
  • Anleggsmaskinførarfaget
  • Barne og ungdomsarbeidarfaget
  • Byggdriftarfaget
  • Dataelektronikarfaget
  • Helsearbeidarfaget
  • Hestefaget
  • IKT-servicefaget
  • Institusjonskokkfaget
  • Kontor og administrasjonsfaget
  • Reinhaldsfaget
  • Feiarfaget