Laster Arrangementer

« All Events

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Fagprøvesamling i Dataelektronikarfaget

3.oktober 2019 kl 10:00 - 15:30

Målet med samlinga er å informere dei om ulike sidene av fagprøva (planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering) for å  redusere nervøsitet/stress i prøvesituasjonen og gje kandidaten eit godt grunnlag for å løyse oppgåva på best mogleg måte.

Samlinga vil også gje faglege leiarar og instruktørar ei innføring i innhaldet og vurderinga av prøva i samsvar med læreplanen, slik at ein kan gi prøvekandidatane meir sjølvstendige, omfattande og samansette oppgåver den siste delen av læretida (styrke opplæringa).

Samlinga inkluderer lunch og er gratis for lærlingar, lærekandidatar og instruktørar tilknytta OKOS.
For praksiskandidatar er kursavgifta kr. 400,-.

For andre er deltakaravgifta kr 500.- (inkl. lunsj).
Deltakaravgifta blir fakturert arbeidsgjevar, og avtale med arbeidsgjevar er derfor nødvendig. Deltakarar frå bedrifter som ikkje er tilknytta OKOS må oppgje korrekt fakturaadresse for at påmeldigna skal vere gyldig.

Alle deltakarar (interne og eksterne) må nytte påmeldingsskjema.
Merk påmeldingsfrista 19. september!

Avgrensa tal plassar.
Lærlingar/lærekandidatar og faglege leiarar tilknytta OKOS vil verte prioritert ved stor pågang.

PROGRAM OG PÅMELDINGSSKJEMA!

Detaljer

Dato:
3.oktober 2019
Tid
10:00 - 15:30

Arrangør

OKOS Sogn og Fjordane
Telefon
57 82 50 80

Sted

Concord
Firdavegen 6
Førde, 6800
+ Google-kart

Detaljer

Dato:
3.oktober 2019
Tid
10:00 - 15:30

Arrangør

OKOS Sogn og Fjordane
Telefon
57 82 50 80

Sted

Concord
Firdavegen 6
Førde, 6800
+ Google-kart